Dette vart den største fangeleiren i Noreg. Allereie den 24. april 1940 vart Grini teken i bruk som fangeleir for ca. 700 fangar. I første krigsåret var føremålet med leiren kortvarige interneringar. Frå 1941 vart leiren hovudsakleg bruka for oppbevaring av politiske fangar henta inn frå heile landet. Frå same året av og fram til fredsslutninga vart totalt 19 788 fangar registrerte i leiren, av desse vart 3 402 deporterte til fengsel og konsentrasjonsleirar i Tyskland og dei tyskokkuperte områda. På det meste var det sett inn 5 400 fangar på Grini.
Innsette
Det kom inn fangar frå mange lag av folket til Grini, her er døme på ein Nobelprisvinner, professorar, vitskapsfolk, kulturarbeidarar, idrettsfolk, politikarar, kunstnarar og losar som var involverte i å hjelpe flyktningar til Sverige og Storbritannia. Nokre av dei mest kjende fangane er:
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.