Grannbrudespore (Gymnadenia borealis) er ei plante i brudesporeslekta Gymnadenia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Det er uvisst om ho finst i Noreg.
Systematikk
Grannbrudespore har tidlegare vore rekna som ein underart (Gymnadenia conopsea ssp. borealis) på same måte som brudespore og praktbrudespore, men blir no rekna som ein fullverdig art.[1]
Utbreiing
Grannbrudespore (engelsk namn heath fragrant orchid) har vore rekna for å vere endemisk for Dei britiske øyane, men det er eit ope spørsmål om han òg kan finnast i Noreg.[2][3][4] I den britiske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC),[5] lokalt i England og Wales er statusen usikker (DD, data deficient),[6][7] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[8] I den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC).[9]
Hybridar
Dei tre taksona i brudesporeslekta på Dei britiske øyane som no har status som eigne artar, er førebels ikkje så godt kartlagde. Ein reknar med at grannbrudespore dannar hybridar med både brudespore (Gymnadenia borealis × conopsea) og praktbrudespore (Gymnadenia borealis × densiflora).[10]
Grannbrudespore kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med purpurmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. purpurella × Gymnadenia borealis eller ×Dactylodenia varia),[11] som er funnen i Nord-England, Skottland og Irland. Hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa (Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa × Gymnadenia borealis eller ×Dactylodenia lacerta)[12] er registrerte i Sør-England. Ein hybrid med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × Gymnadenia borealis eller ×Dactylodenia evansii)[13] er registrert spreidd i Storbritannia og Irland. Ein reknar òg med at arten dannar ein intergenerisk hybrid med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia borealis).[10]
Referansar
Bakgrunnsstoff