Grand Rapids er ein by vest i delstaten Michigan i USA med ikring 199 000 ibuarar. Byen, som er fylkessete i Kent County, er det økonomiske og kulturelle knutepunktet i eit storbyområde med om lag 1,1 million menneske. Grand Rapids ligg langs Grand River, om lag 40 km aust om Michigansjøen.
Grand Rapids er eit senter i framstillinga av møblar. Fem store produsentar av kontormøblar har hovudkontor i byen. Byen og nærområda har dei siste tiåra vore i kraftig vekst. Eit mangfaldig næringsliv er utvikla, både innom helsestell, informasjonsteknologi, bilindustri, luftfart og produksjon av forbruksvarer.
President Gerald Ford voks opp i Grand Rapids. Flyplassen har namn etter honom.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.