Glarus Süd er ein kommune i kantonen Glarus i Sveits. Kommunen har 9 820 innbyggjarar (2010) og eit areal på 426 km². Kommunesenteret Schwanden ligg 521 meter over havet. Glarus Süd har grense til kantonen Graubünden i sør, til kantonen St. Gallen i aust og til kantonane Schwyz og Uri i vest.
Kommunen Glarus Süd er den største i heile Sveits. Den vart danna 1. januar 2011. Før 2011 var Davos i lang tid den kommunen i landet med størst flatevidd. Glarus Süd består av dei tidlegare kommunane Betschwanden, Braunwald, Elm, Engi, Haslen, Linthal, Luchsingen, Matt, Mitlödi, Rüti, Schwanden, Schwändi og Sool.
Vreni Schneider er frå Elm i Glarus Süd.
Kjelder
Bakgrunnsstoff