Glarus Nord er ein av tre kommunar i kantonen Glarus, Sveits (dei andre er Glarus og Glarus Süd). Kommunen har 16 618 innbyggjarar (2010) og eit areal på 147 km². Kommunesenteret Näfels ligg 437 meter over havet. Glarus Nord grensar til kantonen Schwyz i vest, og til Walensjøen og kantonen St. Gallen i nord og i aust.
Kommunen Glarus Nord vart danna 1. januar 2011. Den består av dei tidlegare kommunane Bilten, Filzbach, Mollis, Mühlehorn, Näfels, Niederurnen, Oberurnen og Obstalden.
Kjelder
Bakgrunnsstoff