«Girls' School» er ein song av Wings gjeven ut i 1977. Songen vart skriven og produsert av Paul McCartney under den første innspelinga til London Town og kom ut som ei dobbel A-side i lag med «Mull of Kintyre». Slik vart han den einaste singelen til bandet som nådde toppen av den britiske singellista, og låg ni veker på toppen av lista i desemberr 1977 og januar 1978. I Storbritannia var «Mull of Kintyre» ein langt meir populær song, medan det var «Girls' School» som vart mest populær i USA, der han nådde 33. plassen på Billboard Hot 100 og 34. plassen i Canada.[1][2]
Medverkande
Paul McCartney – bass, solovokal, perkusjon, gitar, piano, klaverinstrument