Giorgio Napolitano (29. juni 1925 –22. september 2023 )[ 1] var ein italiensk politikar og president av Italia frå 2006 til 2015. Han var også livstidssenator i landet.
Karriere
Napolitano vart fødd i Napoli sør i Italia . Under andre verdskrigen var han med i ei partisangruppe som kjempa mot dei nazistiske okkupantstyrkane. Etter krigen vart han med i det Partito Comunista Italiano (Det italienske kommunistpartiet). Etter at det vart oppløyst i 1991 vart han medlem av Democratici di Sinistra (Venstredemokratane).
Napolitano var innanriksminister i Italia frå 1996 til 1998. Han vart vald til president i Italia 10. mai 2006 og vart sett inn i embetet 15. mai same år.[ 2]
Giorgio Napolitano under Festa della Repubblica Italiana 2. juni 2006.
Kjelder
Bakgrunnsstoff