Bandet var det andre bandet som Brian Epstein vart manager for. Han skaffa dei platekontrakt hos Columbia Records (eit systerselskap for selskapet Beatles var på, Parlophone, under EMI).[1] Dei byrja å spele inn musikk tidleg i 1963 med «How Do You Do It?», ein song skriven av Mitch Murray.[5] Songen var produsert av George Martin og gjekk heilt til topps i Storbritannia. Det var den førte gruppa til Epstein som fekk suksess på lista.[6]
Dei neste to singlane til Gerry and the Pacemakers, Murray sin «I Like It» og Rodgers og Hammerstein sin «You'll Never Walk Alone», gjekk òg begge til topps på UK Singles Chart.[7] Sistnemnte vart spelt inn i staden for Beatles sin «Hello Little Girl». «You'll Never Walk Alone» hadde vore ein favoritt hos Marsden sidan han såg Carousel då han voks opp. Det vart raskt hymnen til Liverpool Football Club og seinare for andre idrettslag verda over.[8][9] Songen er framleis ein fotballhymne eller anthem.[10] Gruppa klarte nesten å få fire singlar på rad på til topps på singellista då «I'm the One» vart halde unna frå toppen av lista i to veker i februar 1964 av eit anna Liverpool-band, The Searchers med deira «Needles and Pins».
Trass i denne tidlege suksessen, fekk aldri Gerry and the Pacemakers ein ny song på toppen av singellista i Storbritannia. Marsden byrja å skrive dei fleste songane deira, inkludert «I'm the One», «It's Gonna Be All Right» og «Ferry Cross the Mersey», i tillegg til den første og største hitten deira i USA, «Don't Let the Sun Catch You Crying», som nådde fjerdeplassen der.[1]
I USA vart innspelingane deira gjevne ut av det vesle New York City-selskapet Laurie i 1963, som gav ut fire singlar utan suksess. Då The Beatles slo gjennom i 1964 vart den neste singelen på Laurie, «Don't Let the Sun Catch You Crying», ein stor hit og i 1964 fekk «How Do You Do It?» i lag med «You'll Never Walk Alone» (Laurie 3261) og «I Like It» med «Jambalaya (On the Bayou)» (Laurie 3271) noko suksess.
Seint i 1965 byrja populariteten til bandet å dale på begge sider av Atlanteren.[1] Bandet vart oppløyst i oktober 1966[1] og mykje av det seinare materialet deira vart aldri gjeve ut i Storbritannia.
Trommeslagaren Freddie Marsden døydde 9. desember 2006 i Southport, 66 år gammal.
Diskografi
Singlar
I USA vart ei anna rekkje av Gerry and the Pacemakers-singlar gjevne ut, sidan Laurie Records skapte fleire album, og minst to singlar, som aldri kom ut i Storbritannia. Dette var vanleg praksis på denne tida, og det same skjedde med The Beatles og Dave Clark 5.[12]