George Chinnery (5. januar1774–30. mai1852) var ein engelsk målar som hovudsakleg levde og verka i Asia, særleg i India og sørlege Kina.
Liv
Chinnery var fødd i London. Han budde ei tid i Irland, der han hadde noko suksess som kunstnar. I 1799 gifta han seg med Marianne Vigne i Dublin. I 1801 reiste han frå kona og to barn tilbake til London. Derfrå reiste han til Madras (Chennai) med skipet «Gilwell» i 1802. Chinnery etablerte seg i Madras og Calcutta (Kolkata) som den leiande britiske kunstnaren i India. Aukande gjeld gjorde at han i 1852 flytta vidare til sørlege Kina.
Frå 1825 til han døydde i 1852 budde Chinnery i Macao,[1] men fram til 1832 vitja han også jamleg Canton (Guangzhou). Han måla portrett av kinesiske og vestlege kjøpmenn og kapteinar med familiar, lokalt folkeliv og landskap. I 1846 vitja Chinnery Hong Kong i eit halvt år. Her leid han av dårleg helse, men klarte å laga detaljerte studiar frå den nye britiske kolonien. Han døydde i Macao i 1852 og er gravlagd i den gamle protestantiske gravlunden der.[1]
Verk
Chinnery er særleg kjend for si portettering av den indiske familien til James Achilles Kirkpatrick, den britiske sendemannen til nizamen av Hyderabad som hadde gjort stor skandale ved å gifta seg med Khair-un-Nissa, grandniesa til nizamen sin øvsteminister. Måleriet hans The Kirkpatrick Children viser dei med ein «sympati som er uvanleg i portrett frå denne perioden; guten ser strakt mot tilskodaren i ei sjølvmedvita stilling, med handa på hofta, medan jenta ser ukomfortabelt i bakken».[2]
I tillegg til sin kunstnariske verdi er måleria til Chinnery viktige historiske vitnesbyrd. Han var den einaste vestlege kunstnaren til stades i Sør-Kina i første delen av 1800-talet, og skildra det samtidige landskapet og livet til vanlege folk i Perleelvdeltaet. Han avbilda også personar som dei skotske opiumshandlaraneWilliam Jardine[3] og James Matheson og dagbokskrivaren Harriet Low.[4]
Stilen hans påverka den kantonesiske kunstnaren Lam Qua, som også blei ein populær portrettmålar blant vestlege klientar i Kina.
Galleri
Mann med kvistfang, ca. 1799.
Akvarell på elfenbein av Catherine Sherson (fødd Taylor), 1802–03[5]
Hong-kjøpmannen Howqua (1830), kjend som ein av dei rikaste i verda.
↑"[with a] sympathy that is rare in portraiture of the period; the boy looking straight at the viewer with a self-conscious stance, hand on hip, while the girl looks uncomfortably at the floor." Adrian Hamilton (5. desember 2011). «The Independent, ''An Indian Summer'', 5 December 2011». Independent.co.uk. Henta 11. april 2013.