«Funny How Time Slips Away» er ein song skriven og framført av Willie Nelson. Songen vart gjeven ut på debutalbumet til Willie Nelson, And Then I Wrote, i 1962.
Andre versjonar
- Den første versjonen av songen som gjekk inn på listene vart framført av countryartisten Billy Walker i 1961. Versjonen hans nådde 23. plass på Country-lista i USA.[1]
- I 1973 spelte Al Green ein veldig soul-aktig versjon av songen for albumet Call Me.
- I 1973 spelte Lulu ein versjon av songen for Lulu.
- I 1975 spelte countryartisten Narvel Felts inn ein versjon av songen som nådde 12. plass på countrylista i USA.[3]
- I 1976 spelte R&B-artisten Dorothy Moore ein versjon av songen som nådde 7. plass på soul-lista og 57. plass på Hot 100[4]
- I 1982 spelte The Spinners ein versjon av songen som nådde 43. plass på soullista og 67. plass på Hot 100.[5]
- I 2010 spelte Willie Nelson og Juice Newton songen som ein duett på Newton-albumet Duets, Friends & Memories. Denne vart gjeven ut som singel.
Kjelder
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 368.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 256.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 120.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 412.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 545.