Fru Inger til Østråt er eit historisk skodespel, skrive av Henrik Ibsen, trykt i 1857. Stykket går føre seg i 1520-åra og tar utgangspunkt i den innverknadsrike adelskvinna fru Inger til Østråt og hennar støtte til opprøret mot svenskekongen Gustav Vasa. Stykket hadde urpremiere på Den Nationale Scene 20. januar 1855.