Seckendorff gjekk så tilbake i teneste for keisaren som Feldmarschallleutnant i 1717. Under Eugene av Savoie sin kommando kommanderte Seckendorff to regiment frå Ansbach mot Det osmanske riket ved Beograd. I 1718 kjempa han mot Spania på Sicilia med suksess og fekk tittelen Reichsgraf i 1719, og to år seinare Feldzeugmeister.
Diplomati
I 1726 vart Seckendorff keisaren sin ambassadør i Berlin i Preussen. Her fekk han tillit hos kong Fredrik Vilhelm I av Preussen. Kongen og diplomaten hadde kjempa side om side i den spanske arvefølgjekrigen. Seckendorff hadde smurt statsministeren, Joachim Ernst von Grumbkow, med ein austerriksk pensjon.[1] For å hindre eit mogeleg giftarmål mellom kronprins Fredrik og fyrstinna av Huset Hannover, som ville ha alliert Preussen med Storbritannia, manipulerte Seckendorff Fredrik Vilhelm og sonen slik at kronprinsen i staden gifta seg med Elizabeth Kristina av Brunswick-Bevern, eit ekteskap som var meir til nytte for Austerrike.
I 1734 returnerte Seckendorff til keisarhæren og vart guvernør i Mainz. Som keisarleg general av kavaleriet i den polske arvefølgjekrigen førte han 30 000 soldatar mot franskmennene den 20. oktober1735. I 1737 vart han kommandør og feltmarskalk i Ungarn av keisar Karl VI. Han hadde i starten suksess i den austerriksk-russiske krigen mot osmanarane, men måtte til slutt trekke styrkane tilbake over elva Sava. I Wien hadde han mange fiendar, og etter denne tilbaketrekkinga vart han kalla til Wien, stilt for retten og dømd til fengsel i Graz, som straff for det mislukka felttoget.
Keiserinne Maria Teresia sleppte Seckendorff ut frå fengselet i 1740, men nekta han noko løn. Han sa då frå seg alle verva og titlane i Austerrike. I staden gjekk han i teneste for Bayern der vart utnemnd til feltmarskalk av den nye keisaren, Karl VII. Som kommandant for den bayerske hæren frigjorde han München under den austerrikske arvefølgjekrigen, og etter ei rekkje slag i 1743 og 1744, tvinga han austerrikarane tilbake til Böhmen, før han avslutta tenesta.
Etter Karl VII døydde, forhandla Seckendorff fram ein fredsavtale mellom Austerrike og Bayern i Füssen-traktaten den 22. april 1745. Keisar Frans I av Det tysk-romerske riket gav han tilbake alle tidlegare austerrikske gradar og heidersteikn. Seckendorff trekte seg då frå vidare teneste og slo seg ned på eigedomen sin ved Meuselwitz i Thüringen. I 1757 døydde kona hans og helsa hans vart gradvis verre og verre. Fredrik den store sende hussarar som bortførte Seckendorff frå Meuselwitz i desember 1758 under sjuårskrigen. Etter å ha sete eit halvt år i Magdeburg, vart han utveksla mot Moritz of Anhalt-Dessau, som hadde vorte fanga av austerrikarane ved Hochkirch. Tilbake i Meuselwitz døydde Seckendorff i heimen sin i 1763.
Giles MacDonogh (2001). Frederick the Great: A Life in Deed and Letters. New York: St. Martin's Griffin. s. 436. ISBN0-312-27266-9.
Gerhard Ritter (1974). Frederick the Great: A Historical Profile. Berkeley: University of California Press. s. 207. ISBN0-520-02775-2.
Würzbach's Biogr. Lexikon, s. 33, "Versuch einer Lebensr beschreibung des F. M. Seckendorf" (Leipzig, 1792-1794); Seelander, Graf Seckendorf und der Friede v. Passau (Gotha, 1883); Carlyle, Frederick the Great, vols. i.-v. passim; and memoir in Allgemeine deutsche Biographie.