Frederik VIII (3. juni 1843–14. mai 1912) var son av kong Kristian IX av Danmark og Louise av Hessen-Kassel. Han var konge av Danmark frå 1906 til 1912.[1]
I 1869 gifta han seg med prinsesse Lovisa av Sverige, dotter av Karl IV av Noreg. Allereie som nygifte overtok kronprinsparet Charlottenlund slott som sommarbustad. Her vart fleire av dei åtte borna deira fødde. Dei to fyrstefødde vart kongar som Kristian X av Danmark og Haakon VII av Noreg.[2]
Mellom ordnane åt Frederik VIII fanst òg Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden, tildelt 1862.
Han døydde i Hamburg.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff