Teusina var ein by i Ingermanland, nær byen Ivangorod. Byen vart hærteken på 1590-talet av svenske troppar, gjeven attende til Russland i 1595, og teken att i 1611.
Etter kong Johan III sin krig mot Russland, og etter at Kong Sigismund tok over trona til Johan i 1592, vart det i Teusina den 20. januar 1593 inngått ei toårig våpenkvileavtale mellom Sverige og Russland. Etter det laga partane ei endeleg fredsavtale i same by 18. mai 1595.
Avtala vart offisielt godkjent i Viborgskontrakten 28. februar 1609, og deretter i freden i Stolbova 27. februar 1617.
For Russland (tsar Fjodor Ivanovitj): prins Ivan Samsonovitj Turenin-Obolenskij og Ostafi Mikhailovitj Pusjkin
For Sverige (kong Sigismund): riksråd Sten Banér, Krister Klasson Horn, Göran Boije og Arvid Eriksson Stålarm, og dessutan kong Sigismunds sekretær Niklas Rask till Melstad og Hans Krank.