Frankfurt am Main lufthamn (offisielt Flughafen Frankfurt Main) er ein internasjonal lufthamn ved byen Frankfurt am Main i Tyskland. Flyplassen er er ein av dei største i Europa, og den mest trafikkerte i Tyskland. På ein vanleg dag arbeider det opp mot 60 000 personar på flyplassen. I 2004 vart det frakta 51 098 271 passasjerar, og det vart transportert 1 750 996 tonn fraktgods med 477 475 fly.