Fossil Bluff er ein stasjon for British Antarctic Survey ved Fossil Bluff på Aleksanderøya i Antarktis. Hytta ligg midt mellom eit anlegg av bygningar.
Fossil Bluff-hytta ligg ved foten av ein steinurdekt rygg oppom George VI Sound som skil den fjellendte Aleksanderøya frå Palmer Land. George VI-isen dekkjer sundet og gjer det mogeleg å reise frå nord til sør, utanom på seinsommaren då overflata av isbremmen vert overfløymd av smeltevatn. I vest og nordvest ligg Planet Heights, ei omfattande fjellkjede med ei høgd opp mot over 1500 m. Like i vest ligg Giza Peak.
Fossil Bluff er ein stasjon for bunkring av drivstoff for flya som vert operert frå Rothera-stasjonen om sommaren mellom oktober og mars. Det ligg ei 1200 meter lang landingsstripe av snø, markert av tønner, 1 km sør for stasjonen.
De Havilland Canada DHC-6 Twin Otter-fly fraktar tønner med drivstoff frå Rothera til Fossil Bluff kvar sommar. Stasjonen ligg 90 minuttar med fly frå Rothera og vert mykje nytta som utgangspunkt for operasjonar djupare inn i Antarktis. Det neste «tradisjonelle» stoppet for Twin Otter-flya er Sky Blu, 85 minuttar unna.
Fossil Bluff husar fire personar.
Basen har vore i bruk av og på sidan 20. februar 1961. Han var i drift vintrane 1961, 1962 og 1969-75, og kvar sommar sidan 1975. Dei første menneska som overvintra her i 1961 var Cliff Pearce og John Smith (meteorolog) og Brian Taylor (geolog) som utførte ei grundig og systematisk undersøking av den lokale geologien.[1][2]