Flugesnapparfamilien

Flugesnapparfamilien
Brilleflugesnappar, Melaenorni fischeri
Brilleflugesnappar, Melaenorni fischeri
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Vigors, 1825

Flugesnapparfamilien, Muscicapidae, er ein biologisk familie av over 350 artar i ordenen sporvefuglar. Artane er utbreidde i Afrika, Asia og Europa. Familien har stort mangfald på fleire vis, han samlar 52 slekter, ofte med særpreg i utsjånad og levevis. Mange artar deler fellesnamn på tvers av taksonomisk inndeling, døme er flugesnappar, raudstjert, steinskvett, nattergal, flugesvett, trastskvett og andre, alle spenner over fleire slekter. Dette er små insektetarar, og mange artar fangar gjerne byttet i flukt.

Kjente artar i Noreg frå denne familien er raudstrupe og svartkvit flugesnappar.

Skildring

Blåplystretrast (Myophonus caeruleus), bilete frå Chiang Mai, Thailand
Skogsteintrast Monticola sharpei erythronotus
Svartstrupe Saxicola rubicola
Viftenattergal (Luscinia phaenicuroides), bilete frå Chiang Mai, Thailand
Sølvflugesnappar, monotypisk i slekta Empidornis

Fuglar i flugesnapparfamilien er små til mellomstore fuglar, med kroppslengd mest vanleg frå 10 til 22 centimeter. Blåplystretrast (Myophonus caeruleus) er eit unnatak, han kan bli 35 cm og vege 231 gram. Mange av desse fuglane står med oppreist kroppsstilling på ei grein eller eit oppstikkande objekt på bakken. Einskilde bakkelevande artar, slik som viftenattergal (Luscinia phaenicuroides), har ei meir horisontal kroppsstilling. Elles er utsjånaden til desse fuglane mykje varierte utan gjennomgåande fellestrekk. Mange arter er matt brune med innslag av raudbrunt og nokre med gult. Andre er i svartkvitt eller i variantar av blått, kombinasjonar av sterk blå overside og oransje underside som i slekta Niltava. Vengene er middels store, halen middels lang, men medlemane i Enicurus har lange halar. Dei fleste har små nebb som andre insektetarar, nokre har breie, flate nebb, eigna til å fange insekt i flukt, jamvel om dei som finn føde på bakken vanlegvis har finare nebb. Tarsiger-artane, til dømes blåstjert, har spinkle nebb.

Dei iaugefallande fjørdraktene finn ein stort sett berre hos hannar, og desse artane syner sterkt kjønnsdimorfisme.

Ein finn medlemar av familien i nesten alle typar miljø der det finst passande åtkomst av tre, frå tett skog til opne kratt, og til og med i høgtliggande skog i Himalaya. Dei mest nordlege artane trekkjer langt sørover om vinteren, noko som sikrar ein kontinuerleg diett av insekt. Det er gjerne «flugesnapparar» som føretrekker skogdekke. Fleire steinskvettar finst i tørre område med lite vegetasjon, ravinesteinskvett, sørgjesteinskvetts og basaltsteinskvett med leveområde frå Nord-Afrika, over Den arabiske halvøya og Levanten til Iran er døme på slike artar.[1]

Fuglane i denne familien lever av insekt og andre virvellause dyr. Nokre få artar har òg bær og frø på menyen. Dei fleste artane beitar lågt i vegetasjonen eller nede på bakken.[2]

Avhengig av art er reiret anten godt konstruert og koppforma plassert i eit tre eller på bakken, eller inne i eit eksisterande hòl i eit tre. Det vanlege er kull på to til åtte egg, nordlege artar har ein tendens til å leggje dei største kulla. Det vanlege er at para er monogame og at foreldra samarbeider i omsut for ungane, men hos somme artar er hoa aleine om både reirbygging og ruging. Hos nokre artar finn ein polygyni med ein hann som parar opptil tre hoer.[2]

Læte

Raudstrupe og nærskylde «skvettar», shamaer i Copsychus og nattergalar er dei mest framståande songarar i familien. Generelt har artane i flugesnapparfamilien melodiøse vokaliseringane, nokre kan immitere andre artar og nokre par syng duett. Artar i Muscicapa med gråflugesnappar og andre i stammen Muscicapini er meir lågmælte i song, men har skarpe rop.[3]

Utbreiing[a]

Den største diversiteten og flest hekkefuglar av flugesnapparar finst i Den orientalske regionen, som omfattar Sør- og Søraust-Asia. Her hekkar ca. 130 artar eller ca. 37 % av artane. Afrika har ca. 120 artar eller 34 % og Den palearktiske regionen med Eurasia 65 artar, 19 %. Andre artar finst på austlege øyar i Indonesia aust til Ny-Guinea. Ein art, den eurasiatiske blåstrupe (Luscinia svecica) har spreidd seg over Beringsundet og hekkar også i Alaska. Ein annan art som er vidt utbreidd i Eurasia, steinskvett (Oenanthe oenanthe), er også spreidd over austover Beringssundet til Alaska og vestlege Yukon i Canada og mot vest over Atlanteren til Island, Grønland og nordaustre Canada. Steinskvettar på nordvestlege Grønland kan være dei i familien som hekkar lengst mot nord. Alle populasjonane av steinskvett overvintrar i Afrika sør for Sahara, ei lang trekkrute innanfor ordenen sporvefuglar.

Det finst 11 artar i denne familien som er regelmessige hekkefuglar i Noreg, og dette er blåstrupe, buskskvett, dvergflugesnappar, gråflugesnappar, nattergal, raudstjert, raudstrupe, steinskvett, svartkvit flugesnappar, svartraudstjert og svartstrupe.[5]

Trugsmål, status og vernetiltak

Raudlista for flugesnapparfamilien per 2023, fordeling over kategoriar ██ CR - kritisk truga 2 (1%)██ EN - sterkt truga 10 (3%)██ VU - sårbar 19 (6%)██ NT - nær truga 33 (10%)██ LC - livskraftig 267 (80%)██ DD - manglar data 1 (0%)

IUCN raudlistekategori er etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[4]. 19 artar lista er ikkje godtatte av IUCN, er ikkje kategoriserte og ikkje medrekna i prosentvis fordeling.
Gråflugesnappar, Muscicapa striata
Orientskjorskvett (Copsychus saularis)

Det mest framheva trugsmålet mot flugesnapparar i «den gamle verda» er habitatstap, og da særleg det som avskoging fører med seg.[2]

Andelen av raudlista artar i flugesnapparfamilien er som for alle fuglefamiliar samla sett, ca. 20 %, men det er marginalt færre sterkt truga eller kritisk truga artar av flugesnapparar.[4]

Slekta Cyornis samlar 32 artar i Den orientalske regionen, mange på øyane i Søraust-Asia. 14 av 29 kategoriserte medlemar i slekta er raudlista, det inkluderer begge dei kritisk truga artane i familien, og Cyornis samlar òg 9 av 10 sterkt truga artar i familien. Ravineflugesnappar (Cyornis banyumas) på Java og mavineflugesnappar, (Cyornis ruckii) på nordre Sumatra er dei kritisk truga artane. Sistnemnde art er sist sett i år 1918. Steinskvettar, Oenanthe, har 33 artar som hekkar i Eurasia og Afrika. Ingen av dei er raudlista. Den største slekta av flugesnapparar er Ficedula med 35 artar der 10 er raudlista og av dei ein art er sterkt truga: lompobattangflugesnappar (Ficedula bonthaina) med eit lite leveområde høgtliggande (over 1100 moh.) på sørvestre Sulawesi. Akalatar i Sheppardia hekkar i Afrika. Av dei 11 artane er 3 sterkt truga i svært avgrensa habitat.[4]

Blant dei andre 50 slektene er 18 artar anten kategoriserte som sterkt truga eller sårbare.[4] Fire av dei er øyartar som møter introduserte predatorar, dei 14 andre er pressa av menneske som treng inn i habitata.[2]

Slekter

Familien samlar 351 artar og 54 biogiske slekter. Slekter av flugesnapparar etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[4] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[6] Underfamiliar er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist:[7]

Underfamilie Muscicapinae, 69 artar. Utbreiing i stor grad i Den afrotropiske regionen, nær ein av fire i Den orientalske regionen. Fire artar inkludert gråflugesnappar i Den palearktiske regionen.

  • Stamme Copsychini, 25 artar

Underfamilie Niltavinae, 55 artar. To artar hekkar i austlege Asia, alle andre i Den orientalske regionen og på øyar i austlege Søraust-Asia.

Underfamilie Cossyphinae, 37 artar. Utbreiing i Den afrotropiske regionen, med unnatak av raudstrupe som lever i Den palearktiske regionen.

Underfamilie Saxicolinae, 190 artar. Underfamilien samlar brorparten av artane som hekkar i Den palearktiske regionen, inkludert svartkvit flugesnappar.

Kjelder

Merknadar

  1. Informasjon om hekkeutbreiing i artikkelen er frå data i IOC World Bird List[4] og frå artiklar tilgjengelege frå Birds of the World, Old World Flycatchers (Muscicapidae)[2]

Referansar

  1. Collar, N. (2020). Mourning Wheatear (Oenanthe lugens), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.mouwhe2.01
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). Old World Flycatchers (Muscicapidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.muscic3.01
  3. Fjeldså, Jon; Christidis, Les; Ericson, Per G. P. (oktober, 2020). The Largest Avian Radiation - The Evolution of Perching Birds, or the Order Passeriformes. Lynx Edicions. s. 251-257. ISBN 978-84-16728-33-6. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Chats, Old World flycatchers». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 11. februar 2024. 
  5. «Norgeslisten». Birdlife Norge. 
  6. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 8. desember 2023. 
  7. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Flugesnapparfamilien

Read other articles:

Artikel ini tidak memiliki referensi atau sumber tepercaya sehingga isinya tidak bisa dipastikan. Tolong bantu perbaiki artikel ini dengan menambahkan referensi yang layak. Tulisan tanpa sumber dapat dipertanyakan dan dihapus sewaktu-waktu.Cari sumber: Akbar II – berita · surat kabar · buku · cendekiawan · JSTORAkbar II Kaisar Mughal ke-16Berkuasa19 November 1806 – 28 September 1837Penobatan19 November 1806 di Benteng Merah, DelhiPendahuluShah Alam I...

 

Neil W. WoodwardLahir26 Juli 1962 (umur 61)Chicago, IllinoisStatusPurnawirawanKebangsaanAmerika SerikatPekerjaanPilot uji cobaKarier luar angkasaAntariksawan NASAPangkatPanglima Angkatan Laut Amerika SerikatSeleksi1998 NASA GroupMisiTidak ada Neil W. Woodward III (lahir 26 Juni 1962) adalah seorang perwira Angkatan Laut Amerika Serikat. Ia juga merupakan mantan antariksawan NASA. Pranala luar Official NASA biography Spacefacts biography of Neil Woodward lbsNASA Astronaut Group 17, The P...

 

Nazi paramilitary death squads, part of the SS For other uses, see Organisation Todt § Administrative units. EinsatzgruppenThe Einsatzgruppen operated under the administration of the Schutzstaffel (SS)Mass execution of Soviet civilians, 1941Agency overviewFormedc. 1939Preceding agencyEinsatzkommandoJurisdictionGermany and German-occupied EuropeHeadquartersRSHA, Prinz-Albrecht-Straße, Berlin52°30′26″N 13°22′57″E / 52.50722°N 13.38250°E / 52.50722; 13...

العلاقات الألمانية السيراليونية ألمانيا سيراليون   ألمانيا   سيراليون تعديل مصدري - تعديل   العلاقات الألمانية السيراليونية هي العلاقات الثنائية التي تجمع بين ألمانيا وسيراليون.[1][2][3][4][5] مقارنة بين البلدين هذه مقارنة عامة ومرجعية للدول�...

 

Island in South Australia This article is about the island in South Australia. For other uses, see Penguin Island. Penguin IslandView of Penguin Island from Cape Martin, South AustraliaPenguin IslandGeographyLocationRivoli BayCoordinates37°29′54″S 140°00′50″E / 37.49839°S 140.01376°E / -37.49839; 140.01376Area2.02 ha (5.0 acres)[citation needed]Highest elevation16 m (52 ft)[1]AdministrationAustraliaDemographicsPopulation0...

 

Ceremai belanda Eugenia uniflora TumbuhanJenis buahBuah beri Status konservasiRisiko rendahIUCN60330325 TaksonomiDivisiTracheophytaSubdivisiSpermatophytesKladAngiospermaeKladmesangiospermsKladeudicotsKladcore eudicotsKladSuperrosidaeKladrosidsKladmalvidsOrdoMyrtalesFamiliMyrtaceaeGenusEugeniaSpesiesEugenia uniflora Linnaeus, 1753 DistribusiEndemikUruguay lbs Ceremai belanda (Eugenia uniflora) atau biasa disebut dewandaru, asam selong, atau cerme belanda adalah tumbuhan buah yang tergolon...

Схема Кёппена для Канады Основными факторами канадского климата являются протяжённость по широте (от параллели 35° с. ш. до 40° с. ш.), препятствование Скалистыми горами распространению западных океанических ветров, протяжённость континентальных территорий на относ�...

 

Nabinagar Thermal Power StationLocation of the Nabinagar (4X250MW) Thermal Power StationCountryIndiaLocationAurangabad district, BiharCoordinates24°42′N 84°05′E / 24.70°N 84.08°E / 24.70; 84.08StatusOperationalConstruction began2012Commission date3 out of 4 units commissionedOwner(s)Indian Railways, Ministry of Railways, Government of IndiaOperator(s)NTPC LimitedThermal power station Primary fuelCoalPower generation Units ope...

 

Order-4-5 square honeycomb Type Regular honeycomb Schläfli symbols {4,4,5} Coxeter diagrams Cells {4,4} Faces {4} Edge figure {5} Vertex figure {4,5} Dual {5,4,4} Coxeter group [4,4,5] Properties Regular In the geometry of hyperbolic 3-space, the order-4-5 square honeycomb is a regular space-filling tessellation (or honeycomb) with Schläfli symbol {4,4,5}. It has five square tiling {4,4} around each edge. All vertices are ultra-ideal (existing beyond the ideal boundary) with infinitely man...

Fictional character from Marvel Comics This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these template messages) This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Demogoblin – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (October 20...

 

City in Egypt For the Tanzanian city, see Dar es Salaam. For the Southeast Asian Country, see Brunei Darussalam. For other uses, see Dar al-Salam. This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Dar El Salam – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (September 2010) (Learn how and when to remove this mes...

 

For other uses, see Al-Badr. The Al-Badr (Bengali: আল বদর; Arabic: البدر) was a paramilitary force composed mainly of Bihari Muslims which operated in East Pakistan against the Bengali nationalist movement during the Bangladesh Liberation War, under the patronage of the Pakistani government.[1][2] Etymology The name Al-Badr means the full moon and refers to the Battle of Badr.[3] History Organization Al-Badr was constituted in September 1971 under the au...

Questa voce sull'argomento centri abitati della Danimarca è solo un abbozzo. Contribuisci a migliorarla secondo le convenzioni di Wikipedia. HadsundComune soppresso Hadsund – Veduta LocalizzazioneStato Danimarca Regione Jutland centrale ComuneMariagerfjord TerritorioCoordinate56°43′N 10°07′E / 56.716667°N 10.116667°E56.716667; 10.116667 (Hadsund)Coordinate: 56°43′N 10°07′E / 56.716667°N 10.116667°E56.716667; 10.116667 (Ha...

 

Village in Baysan, Mandatory PalestineQumya قوميهKumieh, QumiyaVillageQumya, 1948Etymology: Stature, or Support[1] 1870s map 1940s map modern map 1940s with modern overlay map A series of historical maps of the area around Qumya (click the buttons)QumyaLocation within Mandatory PalestineCoordinates: 32°33′55″N 35°23′45″E / 32.56528°N 35.39583°E / 32.56528; 35.39583Palestine grid187/219Geopolitical entityMandatory PalestineSubdistrictBaysan...

 

Laksa Sarawak adalah hidangan de facto dari negara bagian Sarawak[1] Hidangan Sarawak adalah hidangan daerah Malaysia. Seperti hidangan Malaysia lainnya, hidangan Sarawak berbahan dasar makanan pokok seperti nasi. Ada juga berbagai macam bahan dan olahan makanan lainnya karena pengaruh geografi negara bagian yang bervariasi dan budaya asli yang sangat berbeda dari masakan daerah Semenanjung Malaysia. Sarawak terkenal dengan populasi multi-etnisnya.[2] Lihat pula Hidangan Sabah...

American farm equipment company Gleaner Manufacturing CompanyIndustryAgricultural EquipmentFounded1923 (1923)FounderCurtis Baldwin, Ernest Baldwin, George BaldwinSuccessorAllis-Chalmers, AGCOWebsitewww.gleanercombines.com The Gleaner Manufacturing Company (aka: Gleaner Combine Harvester Corp.) is an American manufacturer of combine harvesters. Gleaner (or Gleaner Baldwin) has been a popular brand of combine harvester particularly in the Midwestern United States for many decades, first as...

 

هذه المقالة يتيمة إذ تصل إليها مقالات أخرى قليلة جدًا. فضلًا، ساعد بإضافة وصلة إليها في مقالات متعلقة بها. (ديسمبر 2018) غوستافو سيرينا   معلومات شخصية الميلاد 5 أكتوبر 1881 [1]  نابولي  الوفاة 16 أبريل 1970 (88 سنة) [1]  روما  مكان الدفن مقبرة كامبو فيرانو  [لغا�...

 

شمال إفريقيا الفرنسية   معلومات عامة التاريخ 1830-1934 الموقع شمال أفريقيا المتحاربون  فرنسا  الدولة العثمانية إيالة الجزائر تونس في العهد العثماني متمردون مغاربة تعديل مصدري - تعديل   شمال إفريقيا الفرنسية (بالفرنسية: Afrique du Nord française) هو المصطلح الذي يطلق على الأراض�...

Queens' population has recently been growing faster than Brooklyn's. Key: The Bronx, Brooklyn, Manhattan, Queens, Staten IslandQueens grew at a faster rate than Brooklyn, Manhattan, and the Bronx from 1990 to 2000. (Click on image to see full key and data.) The demographics of Queens, the second-most populous borough in New York City, are highly diverse. No racial or ethnic group holds a majority in the borough. Coterminous with Queens County since 1899, the borough of Queens is the second-l...

 

Head of government of Romania Prime Minister of the Government of RomaniaPrim-ministrul Guvernului RomânieiStandard of the prime minister of RomaniaIncumbentMarcel Ciolacusince 15 June 2023StyleHis/Her ExcellencyMember ofGovernment of RomaniaSupreme Council of National DefenceSeatVictoria Palace, BucharestAppointerPresident of RomaniaTerm length4 yearsNo term limitInaugural holderBarbu Catargiu as President of The Council of MinistersFormation22 January 1862; 162 years ago&...