Flórina (gresk Φλώρινα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn , der han er hovudstad, i Vest-Makedonía i Hellas . Sjølve byen har om lag 18 000 innbyggjarar, og ligg like sør for grensa til nabolandet Nord-Makedonia . Prespasjøen ligg vest for byen.
Flórina vart grunnlagd i tida under Austromarriket og vart erobra av Det osmanske riket på 1300-talet og først i 1912 etter den første balkankrigen vart han igjen ein del av Hellas. Byen vart derimot okkupert av Bulgaria under den andre balkankrigen og under den første og den andre verdskrigen .
Administrativ inndeling
Den tidlegare kommunen Flórina, no kommunaleininga Flórina
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar .[ 2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 29 500 innbyggjarar, medan kommunaleininga Flórina hadde 19 198 og tettstaden med same namn 17 188 innbyggjarar.[ 1]
Byar og tettstader
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kjelde