Finn Viggo Schjøll, òg kjent som Blomster-Finn, (fødd 17. mai 1948 i Horten) er ein norsk blomedekoratør og TV-person.
Finn Schjøll begynte i fjernsynsprogrammet Frokost-TV på NRK i 1987, men har frå 1996 hatt fast plass med sine blomsterinnslag og visdomsord i God morgen, Norge! på TV2. Han tok del i underhaldningsserien Skal vi danse på TV2 i 2006.
Schøll var også deleigar av Finn Schjølls blomster AS, seinare Blomster Norge AS, som gjekk konkurs i august 2018.[1] Kjeda hadde totalt 12 butikkar i Noreg.[1]
Schjøll har gitt ut fleire bøker om blomstrar og livskunst.[treng kjelde]
Han stod fram som homofil då han var rundt 30 år.[treng kjelde]