Finiq (gresk Φοινίκη, Finíki) er ein landsby og ein kommune i regionen Vlorë i Albania. Kommunen ligg langt sør i landet og grensar i nordaust til regionen Gjirokastër, i søraust til nabolandet Hellas.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at dei tidlegare landkommunane Livadhja, Dhivër, Aliko, Finiq og Mesopotam vart slått saman.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i landsbyen Dermish.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande landkommunen Finiq 1 333 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Finiq, til saman hadde 10 529 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var dei tidlegare landkommunane Livadhja, Dhivër og Aliko ein del av distriktet Saranda, medan Finiq og Mesopotam høyrde til distriktet Delvinë.[3] Den dåverande landkommunen Finiq omfatta busetnadene:[2]
- Finiq
- Buronjë
- Çlirim
- Vrion
- Karahaxhë
- Bregas
Referansar