Blücher er ein norsk spelefilm frå 1988. Filmen handlar om to nordsjødykkarar som planlegg å utforska vraket av det tyske krigsskipet «Blücher» i Oslofjorden. Jakta på skjulte løyndomar leier til dramatiske hendingar og situasjonar. Oddvar Bull Tuhus regisserte filmen. Skodespelarane i filmen er mellom anna: Frank Krog, Hege Schøyen og Helge Jordal.