Fermentering er eit breitt omgrep som er knytt til ulike måtar å konservere mat på. Eit vanleg døme er produksjon av vin som skjer ved at gjærsopp får vekse i ei løysing av sukkerhaldig fruktsaft. Gjæren forbruker sukkeret og gjev frå seg etanol og karbondioksid og ei mengd andre smaksemne.
Når ufarlege mikroorganismar får vekse i eit næringsemne, konsumerer dei stoff som andre organismar treng for å vekse. Dette gjer at fermentert mat held seg mykje betre enn fersk. Ei vanleg form for fermentering er mjølkesyregjæring som inneber at bakteriar produserer mjølkesyre. Ved mjølkesyregjæring vert pH-verdien senka, slik at bakteriar som kan øydeleggje maten ikkje trivst. Eit døme på dette kan vere syrning av mjølk.