Feats Don't Fail Me Now er det fjerde studioalbumet av det amerikanske rockebandet Little Feat, utgjeve i 1974. Plateomslaget var designa av Neon Park.[4]
I følgje Richie Hayward kom «Wait Till the Shit Hits the Fan» frå tida kring debutalbumet deira, men bandet hadde problem med å spele han inn på dei to førre albuma på grunn av den uvanlege 7/8-takten. Han vart skrinlangd fram til innspelinga av dette albumet, då han vart spelt inn live i studio som «The Fan», medan originalversjonen kom ut på Hotcakes & Outtakes: 30 Years Of Little Feat.[5]