Farnham er ein by i grevskapet Surrey i England. Han har kring 38 000 innbyggjarar. Han ligg 67 km sørvest for London, heilt vest i Surrey, nær grensa til Hampshire. Langs vegen er Guildford 17 km mot aust, Aldershot 7 km mot nordaust, landsbyen Runfold 3 km mot nordvest og Winchester 45 km mot sørvest.
Byen er av historisk interesse med mange gamle bygningar, mellom anna mange georgianske hus. Farnham Castle ligg oppfor byen. Kort veg frå sentrum ligg ruinane av Waverley Abbey, Moor Park House og Mother Ludlam's Cave.
Kjelder