Falsk kantarell (Hygrophoropsis aurantiaca) er ein soppart som ser ut som ekte kantarell, men har nokre forskjellar. Han er litt meir oransje og bleik farge enn den ekte kantarellen, som er veldig gul og har sterk farge.[1] Han er òg spinklare og har ikkje like rotete og uregelmessig krone slik ekte kantarell har. I tillegg har han ribber, framfor skiver under krona.
Ein finn falsk kantarell i heile Fastlands-Noreg.[2]
Falsk kantarell er trygg å eta, men smakar ikkje særs godt. Han lever på strø eller daud ved, og dannar brunrote.[3]