Det indre høglandet i kommunen er prega av skog, og dalbotnane har har elveavleiringar og våtmarker. Kystlinja i sør har strandstrekningar og sandvollar mellom bergknausene. Næringslivet er dominert av små og mellomstore verksemder. Mellom dei viktigaste føretaka er bryggjeriet Carlsberg Sverige AB og Gekås Ullared, som er eit av dei mest besøkte kjøpesentera i Sverige.
Administrativ historikk
Den noverande kommunen vart oppretta i to steg gjennom kommunereformene i 1952 og 1971 av Falkenbergs stad og 23 andre kommunar. I 1952 vart desse «storkommunane» oppretta: Högvad (då i Älvsborgs län), av kommunane Holsljunga, Mjöbäck og Älvsered), Morup (av Morup og Stafsinge), Ullared (av Fagered, Källsjö og Ullared), Vessigebro (av Alfshög, Askome, Köinge, Okome, Svartrå og Vessige), Vinberg (av Ljungby og Vinberg), Årstad (av Abild, Asige, Eftra, Slöinge og Årstad) og Ätran (av Gunnarp, Gällared og Krogsered). Skrea landskommun vart innlemma i Falkenbergs stad.
I 1971 danna Falkenbergs stad, saman med landskommunane Morup, Ullared, Vessigebro, Vinberg, Ätran og Årstad, samt Älvseredsförsamling (frå den oppløyste Högvads landskommun), Falkenbergs kommun.
Kommunevåpenet
Blasonering: På sølvbakgrunn, ein raud falk som står på eit grønt fjell med tre kular.[1]
Dette er eit prakteksempel på eit såkalla «talande våpen», altså at våpenet illustrerer sjølve namnet. Namnet kjem frå ei borg i mellomalderen, og det eldste seglet med ein falk er frå 1500-talet. Fargevalet vart vedteke av Kongen i 1948. Etter kommunesamanslåinga vart våpenet teke i bruk i den nye kommunen. Det fanst ikkje andre våpen i området.
Det biletet av våpenet som kommunen brukar, vart teikna og teke i bruk i 1999, og ein kan sjå det på nettstaden til kommunen[daud lenkje]. Frå eit heraldisk synspunkt er det ingen skilnad i høve til den versjonen som er presentert i denne artikkelen.