Alltidgrøn eller eviggrøn er nemningar for ei plante som har grøneblad heile året. Somme artar er det ein kallar vintergrøne, det vil seie at dei held på blada inntil dei nye blada foldar seg ut ved lauvsprett. I motsetning til desse to gruppene har ein dei lauvfellande plantene, som mister blada om vinteren, der det er kaldt, eller i tørketida, når vasstapet er for stort for planta.
Dei fleste eviggrøne plantene held på blada i halvtanna år til fem år, men rekorden ligg på omkring 40 år (Pinus longaeva).
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.