Lyngfamilien (Ericaceae) er ein familie dekkfrøplantar. Han er svært utbreidd i kalde strøk, og plantane er vedaktige og robuste.
Med kreklingfamilien (Empetraceae) og vintergrønfamilien (Pyrolaceae) omfattar lyngfamilien drygt 100 planteslekter. Krekling- og vintergrønfamilien var sjølvstendige familiar i Cronquist-systemet, men dette blei ikkje vidareført i APG II-systemet etter nærare studium. Derimot opererer mange forskarar enno med desse to familiane, eventuelt som underfamiliar.[1]
Bruk
I slekta Vaccinium finst etande bær som blåbær, tyttebær og tranebær. Nokre artar i lyngfamilien blir brukt i blomsterdekorasjonar, til dømes slekta Erica. Slekta Rhododendron omfattar mange prydbuskar og potteplanter (asalea).
Lyngplantar i Noreg
Dei mest kjende lyngartane i Noreg er røsslyng, blåbær, tyttebær, blokkebær, klokkelyng, krekling, mjølbær og tranebær.
Slekter
Kjelder
Referansar
- ↑ Blant dei er: Lennart Stenberg, Bo Mossberg (norsk red. Steinar Moen), Gyldendals Store nordiske flora, 2005, Oslo 2007, side 450-460.
Bakgrunnsstoff