Europameisterskapen på skeiser 2007
Europameisterskapane på skeiser 2007 for menn og for kvinner vart avvikla i Collalbo i Italia dagane frå 12. til 14. januar. 31 menn og 27 kvinner frå 17 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Italia, Kviterussland, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Russland, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina.
Noreg stilte med fire menn: Håvard Bøkko, Henrik Christiansen, Eskil Ervik, Sverre Haugli og to kvinner: Maren Haugli og Marti Hemmer. Bøkko kom på fjerdeplass samanlagt, Ervik enda på sjetteplass.
Nederlandske Sven Kramer vart europameister framom tittelforsvararen Enrico Fabris frå Italia. Kramer vann begge dei lengste distansane, Fabris dei to kortaste. I kvinnene sin meisterskap sigra Tsjekkias Martina Sáblíková med knapp margin til Ireen Wüst, sistnemnde fekk med seg den nederlandske Renate Groenewold på sigerspallen. Wüst var best av alle på 500 meter og 1500, medan Sáblíková slo alle på såvel 3 000 m, som på 5 000-meter.
Skeise-EM 2007, menn
Plass
|
Utøvar
|
Land
|
Poeng
|
|
Sven Kramer
|
Nederland
|
148,800
|
|
Enrico Fabris
|
Italia
|
149,389
|
|
Carl Verheijen
|
Nederland
|
151,045
|
4
|
Håvard Bøkko
|
Noreg
|
151,500
|
5
|
Ivan Skobrev
|
Russland
|
153,128
|
6
|
Eskil Ervik
|
Noreg
|
153,129
|
7
|
Tobias Schneider
|
Tyskland
|
153,435
|
8
|
Mark Tuitert
|
Nederland
|
153,938
|
9
|
Henrik Christiansen
|
Noreg
|
153,984
|
10
|
Wouter Olde Heuvel
|
Nederland
|
154,052
|
11
|
Sverre Haugli
|
Noreg
|
154,204
|
Dato: 12.-14. januar
500 meter
5 000 meter
1500 meter
10 000 meter
Skeise-EM 2007, kvinner
Dato: 12.-14. januar
500 meter
1500 meter
3 000 meter
5 000 meter
Kjelder
|
|