Erebus istunge er ei bretunge som strekkjer seg 11–12 km ut i McMurdo Sound frå kysten av Ross Island nær Cape Evans i Antarktis. Bretunga har ein tjukkleik frå 50 meter ved snuten til 300 meter ved starten, der han sit fast i berggrunnen.[1] Medlemmar frå Discovery-ekspedisjonen leia av Robert F. Scott (1901–1904) namngav og kartla istunga.[2]
Erebus istunge ligg kring 10 meter over havet.[3]
Den lange, smale Erebusbreen drenerer vestsida av Mount Erebus, ein aktiv vulkan som stig 3 794 moh. Fjellet får stadig tilførsel av ny is, sidan snøfallet på øya er større enn snøsmeltinga.
Galleri
Sjå òg
Kjelder