M.a. 1200-talet, 1520, 1608, 1622, 1660-åra, 1694, 1760, 1964–66, 2009–10
Takryttar
I vest, truleg ca. 1520
Kyrkjegard
Ved kyrkja
Preikestol
1660-åra, skore av Rasmus Gan og Haldvor Tobbel, medan Christopher Ridder skal ha gjort bilethoggararbeidet.
Døypefont
Kleberstein, 1100-talet. Himling 1713, truleg av Nicolai Borg.
Altartavle
Katekismetavle 1608, utvida 1667, truleg av Christopher Ridder, måla av Jørgen Schult; seinare staffert 1713 og 1760; fekk nye farger 1907, restaurert 1966
Krusifiks over koropning ca. 1200. Enebakkmadonnaen (ca. 1250) er i Kulturhistorisk museum, med kopi i kyrkja. Kalkmåleri på veggene inne i kyrkja. Kyrkjebenkane frå 1634 går for å vere dei eldste i landet i vanleg bruk.
Denne steinkyrkja er frå mellomalderen, kanskje frå 1104 (900-årsjubileum vart feira i 2004). Ho vart vigsla den 12. mars og var i si tid vigd til den heilage Botolv. Kyrkja fekk vesttårn ca. 1300. Under ei omfattande vøling tidleg på 1500-talet vart delar av tårnet rive og tårnfoten lagt under tak. Oppå dette vart det oppført ein takryttar. Han vart fornya i 1622 og restaurert i 2009–10.[2]
Trass i dette og nokre andre endringar er kyrkja framleis mykje prega av seinmellomalderen. Ho har òg ein god del gamalt inventar, om enn frå etter reformasjonen. Mellom anna er kyrkja kjent for å ha dei eldste kyrkjebenkene i Noreg som framleis er i vanleg bruk (frå 1634).
Bakgrunnsstoff
Ekroll, Øystein, Havran, Jiri (2000). Kirker i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 80-83. ISBN82-91399-09-3. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)