Provadija (Провадийска река, Provadijska reka, kalla opp etter landsbyen Provadija) er ei elv nordaust i Bulgaria. Ho er 119 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 132 km². Elva har sitt utspring nær landsbyen Dobri Vojnikovo i provinsen Sjumen. Ho renn søraustover før ho brått snur nordaustover og munnar ut i Devnjasjøen ved Devnja. Elva er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet via Devnjasjøen, som er forbunde med Varnasjøen, som igjen er forbunde med Svartehavet.