Leda er ei elv i Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Ems frå høgre med ei lengd på 29 km. Ho har sitt utspring der elvane Sagter Ems og Soeste (Dreyschloot) renn i saman nær byen Barßel. Leda munnar ut i Ems nær byen Leer. På den sørlege breidda av Leda i Overledinger Land, på motsett side for Leer, ligg ein liten busetnad kalla Kloster Muhde. Frå munningen og 1,9 km oppover elva er ho framkommeleg for havgåande skip.
Kjelder