Else Marie Høst (fødd 11. mars 1908 som Røysland, daud 1. august 1996) var ein norsk litteraturforskar og franskfilolog som utgav fleire lærebøker og også gjorde seg kjend som Ibsen-kjennar.[1][2]
Høst var fødd i Stavanger som dotter av Iver Johan Røysland (1870-1957) og Gustava Aldén (1875–1932).[3] I 1927 tok ho examen artium ved Kongsgård skule i Stavanger.[4] Etter eit studieopphald i Sverige i 1930 og ved det svenske instituttet i Roma 1931, gifta ho seg i 1931 med franskfilologen Gunnar Høst (1900–1983).[5]
Ho studerte vidare ved Universitetet i Oslo der ho tok magistergraden i 1941 på avhandlinga Ibsens lyriske drama og doktorgraden i 1957 på ei avhandling om Ibsens Hedda Gabler.
Utgivingar
- Else Røysland og Gunnar Høst (1934). Voix de France: textes de phonographe. Oslo: Aschenhoug.
- Else Røysland og Gunnar Høst (1941). Moderne fransk. Oslo: Aschehoug.
- Else Høst (1958). Hedda Gabler: en monografi. Oslo: Aschehoug.
- Else Høst (1967). Vildanden av Henrik Ibsen. Oslo: Aschehoug.
- Else Høst og Gunnar Høst (1970). Fransk lesning. Oslo: Aschehoug.
Kjelder