Elsa Lystad (9. juli1930–26. desember2023) var ein norsk skodespelar, kjend for sentrale roller i norsk teater, fjernsyn, film og radio. Ho fekk gjennombrotet sitt på midten av 1960-talet og var aktiv fram til 2016. Lystad er kjend for mimikken sin og evna til å leggja inn komiske trekk på meir seriøse roller.
Bakgrunn
Lystad vart fødd på Rodeløkka i Oslo. Mor hennar var vaskedama Thora Aamot (1900–1972) frå Stryn i Nordfjord, og faren var verkmeisteren Erling Magnus Lystad (1905–1988). Thora Aamot skilde frå seg mannen og flytta heim til Stryn i 1935. Der gjekk Elsa dei to første åra på skule og la til seg nordfjordsdialekt. Dei flytta attende til Oslo i 1937.
Lystad gjekk toårig framhaldsskule for jenter i Oslo etter at ho hadde vore kontordame, blant anna i annonseavdelinga til Dagbladet.
Ho vart gift i 1961 med den ungarske inspisienten Arpad Szemes (1930–1998).
Skodespelar
Lystad debuterte i 1957 på Falkbergets Teater og fekk der rolla som Laura Isaksen i Bør Børson jr. Ho turnerte med teateret i over eit år. Ho var tilsett ved Det norske Teatret i perioden 1958–1964. Gjennombrotet fekk ho i Lysthuset, der ho vart hyra av Rolv Wesenlund og Harald Heide-Steen jr. i 1965.
Lystad var knytt til Chat Noir og Fjernsynsteateret før ho vart tilsett ved Oslo Nye Teater i 1973, der ho var fram til ho byrja ved Den Nationale Scene i 1976. Ho slutta ved Den Nationale Scene i 1980 og jobba deretter frilans. Ho arbeidde sidan saman med Wesenlund både på teater og i TV, og radiorolla som Fru Sløying var det første møtet med Lystad for mange nordmenn utanfor Oslo.
I 1990 fekk ho rolla som Oddveig i komiserien Fredrikssons fabrikk og filmen med same namn frå 1994. Så seint som i 2007 var ho enno aktiv og turnerte med stykket Ingen grunn til panikk!, der ho delte hovudrolla med Marianne Krogness. Førestillinga var avslutta på Chat Noir sommaren same år. Lystad har i ei årrekkje vore å høyra i radioprogrammet Nitimen på NRK P1. Saman med skodespelarkollegaen Morten Røhrt laga ho det vekentlege humorinnslaget Tips-telefonen. I 2011 hadde ho rolla som Gamlemor i den norske 3D-filmen Blåfjell 2: Jakten på det magiske horn. I februar 2012 spelte ho Mor Åse i ei oppsetting av Peer Gynt (My name is Peer Gynt) i Kanonhallen på Løren i Oslo. Ho var aktiv fram til 2016, då ho reiste på turné saman med Petter Anton Næss og førestillinga Mitt liv som Elsa. Ho måtte avslutta karrieren på grunn av demens.[1]
Prisar og utmerkingar (utval)
2014 – Amandaprisen 2014 - Æresprisen til juryen.
2014 – Gullruta 2014 i klassa beste kvinnelege skodespelar for Etter karnevalet
2011 – Oslo bys kulturpris. Overrekt 5. mai 2011
2011 – Solprisen under Solfesten på Rjukan. Overrekt 9. april 2011