Elizabeth Lanza (fødd 1951) er ein amerikansk-fødd norsk lingvist, og professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Lanza forskar særleg på tospråklegheit. Ho er dotter av ein amerikansk far og ei fransk mor, og oppvakse i USA, India og Marokko. Ho har budd i Noreg sidan 1976.
Lanza tok doktorgraden i 1990 ved Georgetown University i USA.
I 2013 vart ho vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i gruppa for filologi og språkvitskap[1]
Bibliografi
- Language mixing in infant bilingualism: A sociolinguistic perspective
- Language encounters across time and space: Studies in language contact (med Bernt Brendemoen og Else Ryen, red.)
Kjelder
| Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2019 |
- ↑ dnva.no DNVA-medlemmar Arkivert 2019-06-12 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff