Einar Skulason (norrønt: Einarr Skúlason) var en islandsk prest og skald. Han var fødd på slutten av 1000-talet (seinast 1090) og døydde etter 1159. Han er rekna som ein av dei mest framståande norrøne skaldane på 1100-talet.
Einar Skulason vaks truleg opp i området ved Borgarfjord på Island. Han høyrde til den slekta som blir kalla «Mýramenn» (Kveldulvsslekta) og truleg var skalden Egil Skallagrimsson ein av forfedrane hans. Han var utdanna som prest og han er oppført i ei islandsk presteliste frå året 1143. Om han fekk presteutdanning på Island eller ein annan stad, er ikkje kjent.
Når han kom til Noreg, er ikkje kjent, men omkring 1114 var han hjå kong Sigurd Jorsalfare. Seinare, etter at kong Sigurd døydde i 1130, var han hos kongane Magnus Blinde, Harald Gille og sønene hans. Han hadde eit nært tilhøve til kong Øystein Haraldsson som gjorde han til sin stallare. Etter at kong Øystein døydde i 1157, var han hos kong Inge Krokrygg. Han var såleis i Noreg under den konfliktfylte borgarkrigstida, men skal likevel ha greidd å ha venskapelege tilhøve til dei norske kongane i denne tida. Han var særs kunnskapsrik, rettvis i si framferd og med eit vinnande vesen. Han hadde uvanleg lett for å dikte og vann seg ry som ein stor skald.
I periodar må han ha budd på Island, og han skal ha vore på vitjing til kongane i Sverige og Danmark, men truleg levde han det meste av livet i Noreg. Det er ikkje kjent når, eller kvar helst han døydde, men det siste diktet som ein kjenner til, gjorde han omkring 1160. Han var då ein gamal mann, kanskje over 70 år.
Skaldskap
Einar Skulason var ein særs produktiv skald, men mange av dikta hans er gått tapt og dei fleste av dei ein kjenner til, finst berre i fragmentarisk form. Det einaste som er fullstendig bevart, er diktet «Geisli»[8], eit lovkvad (dråpa) til ære for Olav den heilage[Note 3]. Det vart gjort etter oppmoding frå kong Øystein Haraldsson og framsagt første gongen i 1153 i Kristkyrkja i Trondheim, der kongane Øystein Haraldsson, Sigurd Munn og Inge Krokrygg var til stades, saman med erkebiskop Jon Birgersson.
Utan om «Geisli», er desse dikta av Einar Skulason kjende:
«Sigurddråpa I»[9] (5 vers) om kong Sigurd Jorsalfare, om jorsalferda.
«Haraldsdråpa I»[10] (2 vers) om kong Harald Gille og krigstoget til Danmark.
«Haraldsdråpa II»[11] (5 vers) om kong Harald Gille.
«Kvede om Haraldssønene»[12] (2 vers) om sønene til Harald Gille.
«Sigurdsdråpa II»[13] (1 vers) om kong Sigurd Jorsalfare.
«Runhenda»[14] (10 vers) (ca 1155) om kong Øystein Haraldsson.
«Øysteinsdråpa»[15] (2 vers) (ca 1158) om kong Øystein Haraldsson, striden mot vikverjene og vesterhavstoget.
«Ingedråpa»[16] (4 vers) om kong Inge Haraldsson Krokrygg, striden ved Holmen grå.
«Elfarviser»[17] (2 vers) (1160) om hovdingen Gregorius Dagsson, om striden ved Elv.