Egil Skallagrimson (norrønt Egill Skallagrímsson)[a] var ein høvding frå Island i vikingtida. Han var fødd på Island om lag år 910, og døydde om lag år 990.
Han var son av Skallagrim Ulfsson (Skalla-Grímr Kveldulfsson) og Bera Yngvarsdottir. Skallagrim Ulfsson hadde i si tid reist frå det norske Vestlandet til Island.
Egil Skallagrimson var ein stor skald, og er rekna som den fremste av dei norrøne diktarane. I soga om Egil Skallagrimson (Egilssoga eller Egils saga) vert det fortalt at han kunne kveda dikt allereie då han var tre år. Truleg er Snorri Sturluson (1179-1241) opphavsmann til Egilssoga. Soga fortel at han gjorde sitt første drap då han var berre sju år gamal. Egil kunne og med trolldomskunstar.
↑Namnet er stava på ymse måtar, andre stavemåtar er mellom anna Egill Skallagrímsson», Eigill Skallagrimsson, Egill Skalla-Grímsson eller Egil Skallagrimsson.