Hjalmar Eilif Emmanuel Peterssen (4. september1852–29. desember1928), kjend som Eilif Peterssen, var ein norsk kunstmålar. Han laga fleire historiske, religiøse og mytologiske måleri, men måla òg landskap og personar.
I 1871 drog han utanlands for å studera. Det blei opphald ved kunstskulen i København, i Karlsruhe (1871–73) der han både lærte av Hans Gude og ved kunstskulane i Karlsruhe og München (1873–75), der han var elev av Wilhelm von Diez, og Roma (1879). Seinare vitja Peterssen både Paris, London og fleire italienske byar, slik at han fekk ein større inspirasjonsbreidde enn mange samtidige norske kunstnarar.
Etter at kunstnaren vende tilbake til Noreg, busette han seg i Bærum og blei medlem av Fleskummålarane (1886). Seinare var han med i den såkalla Lysakerkretsen, og bygde hus i same området, Villa Pjåka, på Lagåsen (1897). Han var òg oppfatta som ein av Skagensmålarane.
Kunstverk
Historiske måleri av Eilif Peterssen er mellom anna Corfitz Ulfeldts død (1874) og Christian den 2. undertegner dødsdommen over Torben Oxe (1874-76), som begge heng i Nasjonalgalleriet.
Her finn ein òg Sommernatt (1886) og Nocturne (1887) med motiv frå Dælivannet i Bærum.