Egil Andreas Olli, kjend som Egil Olli, (fødd 13. oktober1949) er sametingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Han vart sametingspresident i 2007, midt i perioden 2005-2009, og heldt fram som president også i perioden 2009-2013. Han vart vald inn frå Ávjovárri valkrins.
Olli har vore sametingsrepresentant alle periodane frå 1989 og vart attvald i 2009.
Olli var Arbeidarpartiet sin presidentkandidat ved valet i 2005. 26. september 2007 vart Egil Olli vald til sametingspresident, etter at det parlamentariske grunnlaget for NSR sin president Aili Keskitalo forsvann grunna ein konflikt mellom NSR og varapresident Johan Mikkel Sara.