Fyrste gong ein finn kyrkja på Egge nemnd i kjeldene er i 1588. Utfrå det ein kan lese av dokumenta etter ein inspeksjon i 1661 var dette truleg ei stavkyrkje, og det er truleg at ho har vore bygd som høgendekyrkje for hovdingen på storgarden Egge. I 1676 vart det bygd ny kyrkje ved at den gamle vart påbygd slik at det vart ei krosskyrkje. Denne andre Eggekyrkja stod til 18. august 1765 då lynet slo ned og ho brann ned til grunnen. Den tredje kyrkja stod ferdig på Egge i 1767, og vart ståande til 1870 då ho vart riven og den noverande kyrkja vart bygd. Kyrkja slik ho står i dag er i empirestil.
Kjelder
Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Egge kirke», s. 218