Edvard Os (20. april 1885–9. januar 1970 var ein norsk offiser og norsk domsmann frå Eid kommune i Nordfjord. Han var sjef for Varanger bataljon 1933–1940 og forsvarssjef i Aust-Finnmark 1939–1940. Han moderniserte drifta av organisasjonane Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag som dagleg leiar for båe to i åra 1913–1927. Han var driftsstyrar i Noregs Boklag 1927–1932. I 1908 vart han varaformann i Kristiania Unge Venstre, det første lokallaget av Unge Venstre som vart stifta, og i 1909 vart han styremedlem i det første styret i Noregs Unge Venstre.
Edvard Os har også gitt ut bøker under psevdonymet Lars Busk.
Bibliografi
Bøker
- 1917 – Skattleggjing av lagsbruk : samraadsmøtet paa Voss 6. juli 1917 (Oslo: Norigs Maallag)
- 1917 – Vegar og maatar for arbeidet i maalsamskipnaden : foredrag paa aarsmøtet i Norigs maallag 9. april 1917 (Oslo: Norigs Maallag)
- 1918 – Nationale høgmaal : den frilynde ungdomen og Norigs framtid (Oslo: Norigs Maallag)
- 1919 – Plan i norskmaalsarbeidet (Trondheim: Norigs Maallag)
- 1919 – Vers og talar aat Bondeungdomslaget i Oslo paa 20-aarsfesten 15. oktober 1919 (Oslo) I fulltekst ved nb.no [Av Lars Busk (psevd.)]
- 1920 – Norske namn og nemningar i heren : framlegg til brigde i namneverket for heren (Brandbu) [Særprent av Norsk ungdom]
- 1921 – Eventyrlandet : spelstykke i 3 vendingar (Oslo: Norigs Ungdomslag) I fulltekst ved nb.no [Av Lars Busk (psevd.)]
- 1922 – Handbok i lagsarbeid for ungdomslag og mållag (Oslo: Noregs ungdomslag)
- 1924 – Um hovudoppgåvone for eit fylkeslagsstyre : innleidingsforedrag (Oslo: Noregs ungdomslag) [Særprent av Norsk Ungdom, nr 8. Foredrag åt ungdomslag nr. 17]
- 1925 – Målfolket i dagleglivet : foredrag i B. UL., Oslo 5. septbr. 1924 (Oslo: Noregs ungdomslag) [Særprent av Norsk Ungdom, nr 3, 1925. Foredrag åt ungdomslag nr 23]
- 1925 – Målfolket og kommunevala 1925 : foredrag i Oslo mållag 29. september 1925 (Oslo: Noregs ungdomslag) [Særprent av Norsk Ungdom, nr 11. Foredrag åt ungdomslag nr 25]
- 1925 – Samskipingsarbeidet og samhøvet til andre samskipnader : foredrag på formannsmøtet i N. Ul. i Stavanger 2. juli 1925 (Oslo: Noregs ungdomslag) [Særprent av Norsk Ungdom, nr 7. Foredrag åt ungdomslag nr 24]
- 1926 – Arbeidsplanar og møteplanar. Tillegg 1 til Handbok i lagsarbeid (Oslo: Noregs ungdomslag) [Særprent av Norsk Ungdom, nr 11]
- 1926 – Bladveka og bokveka. Tillegg 2 il Handbok i lagsarbeid (Oslo: Noregs ungdomslag) [Særprent av Norsk Ungdom, nr 11]
- 1926 – Lagsarbeidet og lagssamskipnaden : foredrag på N. Ul.s årsmøte på Hønefoss 3. juli 1926 (Oslo: Noregs ungdomslag) I fulltekst ved nb.no [Særprent av Norsk Ungdom, nr 9. Foredrag åt ungdomslag nr 29]
- 1926 – Norsk mål i styringsverket : foredrag på årsmøtet i N. Ml. i Bergen 4. april 1926 (Oslo: Noregs ungdomslag) [Særprent av Norsk Ungdom, nr 5. Foredrag åt ungdomslag nr 27]
- 1927 – Arbeidsplan i bladveka. Tillegg 2 til Handbok i lagsarbeid (Oslo: Noregs ungdomslag)
- 1927 – Måltvangen i forsvarsverket : foredrag i Bondeungdomslaget, Oslo (Oslo: Noregs ungdomslag) [Særprent av Den 17de Mai. Foredrag åt ungdomslag nr 32]
- 1927 – Skattelov og lagsliv (Oslo) [Særprent av Den 17de Mai]
- 1930 – Ny jord under plogen (Oslo: Noregs boklag) [Innlegg i Norsk Ungdom nr 8]
- 1936 – Fru Ragna i femti år : 1886 - 23. mai - 1936 : skodespel i fleire endevendingar (Oslo)
- 1941 – Liste over ord og nemningar i det militære fagmålet (Militær fagmålsordliste) (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
- 1945 – Fars salmebok (Oslo: Eros) [Ved Lars Busk (psevd.)]
- 1946 – Mål og målstrev i Noreg : førelesingar på Krigsskulen 1945/46 (Oslo)
- 1956 – Tenestemålet : rettleiing om mål og målbruk i dagleg teneste på offentlege kontor (Oslo: Noregs mållag) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift - eit utval
Kjelder
Bakgrunnsstoff