Europameisterskapen i friidrett 1971 vart avvikla på Olympiastadion i Helsingfors i tida 10.–15. august 1971. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn, og 14 for kvinner.
I meisterskapen vart sett tre verdsrekordar, alle av kvinner. Karin Burneleit frå Aust-Tyskland fekk notert 4.09,6 på 1500 meter, dei austtyske kvinnene på 4x400 m stafett kom i mål på 3.29,28 og Faina Melnik frå Sovjetunionen oppnådde 64,22 meter i diskoskast. I tillegg vart sett to europarekodar; austtyskaren Hartmut Briesenick støytte kula 21,08 meter, medan det vesttyske kvinnelaget sprang i mål på 43,23 sekundar på 4x100 meter stafett.
Beste norske plassering vart oppnådd av laget på 4x400 m stafett for menn, som vart nummer åtte og sist i finalen. Laget, som bestod av Steinar Mo, Gøte Lundblad, Per Rom og Richard Simonsen, sette norsk rekord med 3.06,7 i kvalifiseringsrunda.