Düssi (retoromansk Piz Git) er eit 3 256 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjelltoppen dannar ein markant pyramide. Grensa mellom kantonane Uri og Graubünden går over fjellet.
Düssi ligg ved enden av Maderanertal, ein austgåande dal. I nord reiser Gross Schärhorn seg, mot aust fører ein fjellkam over Piz Cazarauls til Tödi. I nordvestleg retning ligg den 13 km² store isbreen Hüfibreen. Oberalpstock ris i sørvest.
Ned under nordvestegga, i 2 344 meters høgde, ligg Hüfihütte, eit vanleg utgangspunkt for ein fjelltur til Düssi.
Klatresoge
Toppen av Düssi vart nådd fyrste gongen i 1841 av Arnold Escher von der Linth og Gedeon Tresch. Dei klatra fjellet langs sørryggen.
Kjelder