Dyrka mark er land brukt til jordbruk. Det kan visa til fulldyrka jord, det vil seia jord som er eller kan bli pløya, overflatedyrka jord som er rydda og jaman, eller innmarksbeite.[1]
I nokre land er bruken av dyrka mark regulert av lovverket. Den norske jordlova seier til dømes at «Jordbruksareal skal drivast.»[2]
Jorda kan ikkje brukast til noko anna enn jordbruk, eller brukast slik at ho ikkje blir dyrkbar meir, utan dispensasjon.[2]
Dyrka landareal i verda
I Noreg er rundt tre prosent av det totale landarealet dyrka mark (noko over 8 millionar dekar i 2015). I Danmark er derimot 66 prosent av landarealet dyrka mark.[4]
Ifølgje SN-organisasjonen Food and Agriculture Organization er 1 407 M hektar av eit totalt landareal på 4 924 M hektar brukt til dyrking (tal frå 2013).[5]
↑Definisjonen i detter kartet er henta frå amerikanske CIA, og viser til land der ein dyrkar avlingar som kveit, mais, ris og liknande som blur sådde att etter kvar innhausting