Dunnet Head (skotsk-gæliskCeann Dùnaid) er ei halvøy med det nordlegaste punktet på fastlandet i Skottland. Punktet ligg i Caithness på nordkysten. Neset vert òg kalla Easter Head og ligg om lag 18 km vest-nordvest for John o' Groats og om lag 20 km frå Duncansby Head. Dunnet Head er òg den vestlege grensa for Pentland Firth på sørsida av fjorden.
Neset går frå Little Clett til munningen av Dunnet Burn i Dunnet Bay og nordover. Ein liten veg går langs denne lina og er den nordlegaste vegen på det britiske fastlandet.
Neset ligg aust for burghThurso og på ein klår dag kan ein sjå øyane Stroma i aust og Hoy og Orknøyane, 15 km mot nord, på andre sida av Pentland Firth.