Brua er 260 meter lang, 15 meter brei, bygd i betong i ni spenn, fundamentert på trepålar som er slege ned i elvebotn, og vart opna sundag 6. september 1936 av statsministerJohan Nygaardsvold. Entreprenørfirmaet F. Selmer stod for byggjearbeidet.
Brua er no reservert kollektivtrafikk, gåande og syklande. Biltrafikken vert vist til Øvre Sund bru lenger opp i elva. Denne brua opna hausten 2011, og inngår i eit nytt vegsystem som Bragernestunnelen er ein part i.