Douglas Campbell «Dougie» Thomson (fødd 24. mars1951) er ein skotsk musikar, mest kjend som bassist i det engelske rockebandet Supertramp.[1]
Karrieren til Thomson byrja i august 1969 då han vart med i det lokale Glasgow-bandet The Beings. I september 1971 vart han med i The Alan Bown Set der han ei kort stund arbeidde i lag med den framtidige Supertramp-kollegaen John Helliwell. I februar 1972 prøvespelte Thomson for Supertramp, og enda opp med å spele fleire konsertar som vikar.
I 1973 vart Thomson permanent medlem av Supertramp og hjelpte til i styringa av bandet i lag med managerenDave Margereson. Han overtydde òg John Helliwell om å bli med i bandet.