Dominion Range er ei brei fjellrekkje som er kring 48 km lang og dannar store framspring i samløpet mellom Beardmorebreen og Millbreen i Antarktis.[1] Fjellkjeda er ein del av Dronning Maudfjella
Fjellkjeda vart oppdaga av Nimrodekspedisjonen (1907–09) og namngjeven av Shackleton etter Dominionen New Zealand, som støtta ekspedisjonen økonomisk.[1]
Det høgaste fjellet i rekkja er Mount Mills på 2955 moh.
Geologi
Mount Mills
Mount Mills er det høgaste fjellet i rekkja på 2955 meter over havet og utgjer den nordlegaste skrenten ovanom Beardmorebreen 13 km nord for Mount Saunders. Fjellet vart oppdaga av Nimrodekspedisjonen (1907–09) under Shackleton, og kalla opp etter James Mills, som betalte for tauinga av ekspedisjonensskipet «Nimrod» til Antarktis i 1908.[2]
Mount Nimrod
Mount Nimrod er eit fjell på 2835 meter over havet som ligg 6 km søraust for Mount Saunders. Det vart oppdaga av Nimrodekspedisjonen og kalla opp etter ekspedisjonsskipet «Nimrod».[3]
Mount Saunders
Mount Saunders er eit fjell på 2895 meter over havet som utgjer vestskrenten av Dominion Range, 7,2 km nordvest for Mount Nimrod. Det vart oppdaga av Nimrodekspedisjonen (1907–09) og kalla opp etter Edward Saunders, sekretæren til Ernest Shackleton, som assisterte i førebuinga av ekspedisjonen.[4]
Safety Spur
Safety Spur er eit lite fjellframspring i Dominion Range, som strekkjer seg søraust frå eit breitt isolert fjell mellom munningen av Vandamentbreen og vestsida av Millbreen. Det fekk dette namnet av New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE) (1961–62) det var her dei kom fram etter å ha kryssa Millbreen i november 1961.[5]
Kjelder