Det kostarikanske handels- og nasjonalflagget. Storleikstilhøve 3:5.
Det kostarikanske statsflagget.
Det kostarikanske flagget er danna av vassrette striper i raudt, kvitt og blått. Tilhøvet mellom dei er 1:1:2:1:1, det vil seia at den raude midstripa er dobbelt så tjukk som dei omkransande kvite og blåe stripene. Fargane er inspirert av det franske flagget .
Det noverande flagget blei offisielt teke i bruk av Costa Rica den 27. november 1906 . Stripeutforminga stammar likevel frÃ¥ 1848 , dÃ¥ Costa Rica etablerte seg som sjølvstendig republikk etter Ã¥ ha vore med i Den mellomamerikanske føderasjonen . PacÃfica Fernández, kona til president José MarÃa Castro Madriz , utforma bÃ¥de det nye flagget og det kostarikanske riksvÃ¥penet .
Småjenter med kostarikanske flagg under sjølstendedagen 1. mars.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Costa Ricas flagg » frå Wikipedia på bokmål , den 18. juli 2011.
Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Album des pavillons nationaux et des marques distinctives. National flags and distinctive markings , Service hydrographique et océanographique de la marine, Brest, 2000
Whitney Smith: Den store flagbog. Alverdens flag gennem tiderne , København, 1977
Bakgrunnsstoff